hallo






































/teikning frå februar i år.

eg lever. bloggen brukes alt for sjeldent. what to doo?


kunstskulegreier.


































berre ein liten smakebit på det eg driv på med på kunstskulen i bergen.

/blyant, akryl og tusj på treplate. ca. 120 x 120 cm

lanseringsfest for diktfanzinen forsvinningspunkt













diktfanzinen forsvinningspunkt hadde lanseringsfest i går på bibilioteket. så mange fine folk, så mange vakre diktarar og så mange fantastiske dikt. det er verkeleg magisk å vera der. du skulle ha vert der.

sjå facebookside til forsvinningspunkt her for meir info.

ein vegg






dette er ein vegg.
min kjøkkenvegg.
ein vegg fylt med bileter.
bileter av folk.
av stader.
bileter av kjensler.
og av vakre minner.

de er så fine.

dette er bergen










dette er bergen.
dette er ein by.
dette er frå ein dag det ikkje regna.
dette er små vakre augeblikk.
dette er det som betyr noko.

det fins så mykje du ikkje ser.

kjoler og sånt - haustinspo.

.fordi det nærmar seg regn og kulde og kortare dagar så tenkte eg det kunne vera fint med litt haustinspo. ein treng ikkje berre gå kledd i brunt, svart og mørkeblått sjølv om det er haust. det fins så mykje fint med vakre fargar som passar til hausten! 

1950s autumn bloom dress / floral full skirt dress / 50s dress / cotton dress

elskar denne nydelege 50-tals svingkjolen frå NodToModVintage. perfekt til ein laurdag ute med fine folk og god vin.




kanskje ein kunne pynta seg med denne brosjen og dei matchande øyredobbane? frå SparklyKreations.




om du ikkje ynskjar deg ein så fargesprakande kjole, kva med denne vakre hatten i oransje frå Rorevie?

eller kva med denne enkle kvardagskjolen i bomull frå sonnetandboughsom passar til ein dag på kafè med gode venar og god kake.



så har eg sjølvsagt forelska meg heilt i desse øyredobbane frå 50-talet i sølv og emalje frå danmark. frå CafeChaCha.



og når det byrjar å bli kaldare skulle eg gjerne ha hatt ei slik vakkert ullkåpe frå vintagebluemoon.



ein finn så mykje fint og rart på etsy at det er heilt utruleg, kan sitta og leita i timesvis etter kjolar, hattar, smykker, kåper, ja, alt mogleg! ein finn også ein del håndlaga ting i tillegg til alt av gamle klede. ein kan også få sydd ting til seg, og det er faktisk ikkje så himla dyrt. 

har du gjort nokre kupp på nettet i det siste?